Prisar 2021

Stigstuv er ei privat turisthytte som ikkje er tilknytta DNT. Prisane er difor ikkje dei same som på DNT-hyttene, men me gir rabatt til DNT sine medlemmer.
Pris for sesongen 2021 er pr. pers (inkl. middag og frukost) kr. 1035,-. Ved framlagt gyldig medlemsbevis for medlemskap hjå av DNT vert pris pr. pers kr. 965,-.

Det vil vera mogleg å smøre niste ved frukosten for kr. 20,- pr. skive. Me kan også ordne termospåfyll for kr. 60,-

Born som ikkje har fylt 13 år betaler berre halv pris for overnatting og mat.

Me har ikke soverom der hundar kan vera med inn. Hundar må enten sove i hundebur i uthuset, eller vera ute. Hundebur må vera bestilt før ankomst.

I kiosken har me varm og kald drikke, og "noko å bita i" som smørbrød, lappar og kioskvarer.