Opphold

På Stigstuv har me 30 sengeplasser som er ulikt fordelt på 9 rom.

I stova ligg alt til rette for å slappe av. Kanskje vil du nyte utsikta ut over vidda, slå av ein fjellprat, bla i nokre av våre bøker eller blad i bokhylla, eller kanskje vil du aller helst utfordre nokon i eitt av våre brettspel? Stova vår er ope for alle gjester, enten du skal overnatte hjå oss eller berre er forbi eller innom på dagsbesøk.

Utan mat og drikke dug som kjent helten ikkje. Difor gjer me på Stigstuv vårt aller beste for at alle skal ha det same gode utgangspunktet for å bli helt! Me serverar middagar av kjøt og fisk som oftast er svært kortreist, og kvar morgon dekkar me frukostbord med havregraut, rikhaldig utval av pålegg til vårt Stigstuvbrød og ulik drikke. Me tilbyr sjølvsagt nistesmøring ved frukosten, og me fyller gjerne termosen din med varm drikke for turen.

Tørkerommet er stort og godt, og sørger for at alle kan legge ut på nye dagsetapper med tørre kle. Vi har sjølv erfart at tørre kle er viktig utgangspunkt for en vellykka tur!