Ta gjerne kontakt med oss!
Telefon: 905 10 292
E-post: stigstuv@online.no
Postadresse:
Stigstuv Turisthytte
Nedre Steinbrotet 1
5783 Eidfjord
Har du hund med deg på fjellturen din? Då ynskjer me på Stigstuv å opplyse om fylgjande:
Hjå oss på Stigstuv kan me dessverre ikkje ha dyr inn i hytta.
Hundar må overnatte ute, eller om nødvendig i hundebur i eit uthus. Det er viktig for oss at hundar som skal sove ute eller i uthuset er rolige slik at ikkje andre gjester vert uroa. Bruk av hundebur må vera avklara/tinga før ankomst.
Me håpar på forståelse frå besøkande hundeeigarar :-)
Stigstuv har tradisjonellt vore ei hytte med gjennomgongstrafikk, dei aller fleste overnattar ei natt hjåoss før dei går vidare til neste hytte.
Dei siste åra er det vorte vanleg med forhåndsbestillingar av overnatting, noko me sjølvsagt også gjerne tar imot. I 2020 vart det KRAV om forhåndsbestilling på alle hytter. Slik ståa er no, ser det ut til at dette kravet også må gjelde for påsken 2021. Bestilling av opphald på Stigstuv skjer pr. epost , bruk stigstuv@online.no. Ved bestilling ber me deg om å opplyse om dato for ankomst, tal på personar i reisefylgjet, fullt namn på ein person i reisefylgjet og telefonnr. til vedkomande.
Me har nokre generelle vilkår ved bestilling av opphald:
Ver merksam på at me ikkje kan ta imot tekstmelding/SMS på vårt mobilnr., så ver snill å send oss ein epost eller ring!
Vi vil minne om:
Normalt gjeld fjellregelen om at alle får plass hjå oss, ingen skal oppleve å blir sendt videre. I år, som i fjor, må me på grunn av korona gjera unntak frå dette og be alle om å sørge for å ha bestilt før dei kjem til oss. Dersom du lurar på noko, ring oss gjerne på telefon 905 10 292, for bestilling bruk e-post stigstuv@online.no