Velkomen til fjells,

Velkomen til Stigstuv!

10.mai 2020:
Litt info om korleis me ser for oss at sommaren 2020 skal foregå mtp å hindre evt. smittespredning på Stigstuv. Me vil forsøke å fylgje retningslinjene til DNT, men me ser at me må tilpasse litt til våre system og fasilitetar. Pr. i dag tenkjer me å tilby både overnatting, middag og frukost m/nistesmøring. Me ser at nokre av våre godt innarbeidde rutinar må leggast om, og dette tenkjer me nøye gjennom og justerar etter kvart som det kjem nye retningslinjer.

Me har pr. i dag lagt oss på ein hovudregel om at alle som vil koma på besøk til oss, må ha bestilt før dei kjem. Det gjeld både overnatting, telting og dagsbesøk. I kva grad me kan ta i mot bestilling på telting og dagsbesøk har me ikkje heilt landa på endå, men DNT seier at ingen kan koma inn i deira hytter utan å ha bestilt, heller ikkje på dagsbesøk eller som teltar på f.eks. toalett.

Me tenkjer på eit turfylgje (dei som går saman og som har bestilt samla) som ei "eining", sjølv om gruppa er 2 eller f.eks 20 personar. Det betyr at eit stort turfylgje som bestiller opphald hjå oss må rekne med å måtte dele større rom, sitja tett i matsal, osv... 

Meir info kjem når opningsdato nærmar seg og me veit meir om kva retningslinjer me har å leve etter frå 1.juli. Det er spennande tider no og framover forsommaren. Ta kontakt dersom du vil bestille opphald, eller har spørsmål til oss. Me skal forsøke å svare epostar eitt par gonger pr. veke .

Håpar me sjåast på Stigstuv til sommaren!! :-) 

Med mange års erfaring på Stigstuv veit me sjølvsagt at vêret kan variere mykje i fjellheimen Me kan ikkje garantere fint vêr heile turen, men me kan love at det er ein opplevelse å vera på Hardangervidda, uansett vêr!

Me ynskjer små og store fjellfolk velkomne til oss for minnerike opplevelsar på vidda.

Velkommen til fjells. Velkommen til Stigstuv.

-- Katrine og Tommy --
4. generasjon Myklatun på Stigstuv

-- Isak og Elin --
5. generasjon Myklatun på Stigstuv

-- Ingebjørg og Fridtjof --
3. generasjon Myklatun på Stigstuv